Vernepleiar/sjukepleiar- 100 % fast
Om selskapet
Om arbeidsgiveren Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Arbeidsoppgaver
Du vil følgje opp bebuarar i kvardagen, bidra til meistring, aktivitet og sjølvstende og samarbeide med kollegaer og andre faggrupper.
Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver****
- Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
- Målretta miljøarbeid
- Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
- Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
- Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
- Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
- Dokumentasjon i Profil
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
- Diverse praktiske oppgaver i boligen
Krav
Turnusarbeid kvar 6. helg.
Hva vi ser etter Kvalifikasjonar****
- Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring med brukergruppen
- Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
- Kjennskap til aktuelt lovverk
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig
- Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
- Har stor arbeidskapasitet
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
- Likar utfordringar
Vi tilbyr
Vi tilbyr Vi tilbyr****
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- 35,5 timars veke. Arbeid i turnus og arbeid kvar 6. helg
- Løn etter tariff avtale.
- Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Annet
TTF søkjer ein autorisert vernepleiar eller sjukepleiar i 100 % fast stilling.
Tilsetjingsvilkår
- Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
- Seks månadar prøvetid
- Krav om politiattest før tiltreding
- Teieplikt etter gjeldande regelverk