Guide i Skipshelleren
Om stillinga
Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane.
Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet.
Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt.
Arbeidsoppgåver
- Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen.
- Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte.
- Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte.
Kvalifikasjonskrav
- Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.
- Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.
- Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer.
- Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
- Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge.
- Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar.
- Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Personne de contact
Mentionnée par l'employeur dans l'annonce — pour vos questions et votre candidature.
- Renathe VikAvdelingsleiar kultur og inkludering+4791179673renathe.vik@vaksdal.kommune.no