Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage, barnehageåret 2026/2027

VOLDA KOMMUNE OPPVEKSTSJEFEN SITT KONTOR· Møre og Romsdal· EURES· julkaistu 30.06.2026

Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.

Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år.

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik kan variere etter behov.

Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

Aktuelle barnehagar:

Austefjord barnehage: 90 47 46 12

Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83

Engeset barnehage: 94 79 09 65

Folkestad barnehage: 47 50 47 87

Hornindal barnehage: 97 96 24 24

Lauvstad barnehage: 47 50 34 18

Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90

Oppigarden barnehage: 46 88 33 22

Kvalifikasjonar

I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag. Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling.

Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyr

Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Bodil Brautaset, +47 91194598

Arbeidsstad

Stormyra 2 6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5151964742 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027

Om arbeidsgiveren:

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Fleire ledige stillingar i Volda kommune