ID 2464 Vernepleiar ved Sævarhagen avlastningsbustad - Førebyggjande tenester

STORD KOMMUNE SÆVARHAGEN· Vestland· EURES· julkaistu 01.07.2026

Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt!

Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse-- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.

Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter

Me ynskjer deg som:

-

Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa

-

Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel

-

Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar

-

Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman

-

Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet

-

Har kjennskap til, og helst erfaring, med alternativ supplerande kommunikasjon - ASK

-

Du har gjerne interesse for bruk av musikk som eit miljøterapeutisk tiltak

Kvalifikasjonskrav:

-

Norsk autorisasjon som vernepleiar eler sjukepleiar

-

Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

-

Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Me kan tilby:

-

Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune

-

Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

-

Godt arbeidsmiljø

-

Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune

-

Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

-

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

-

Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om arbeidsgiveren:

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.