Sør-Fron skule søkjer norsklærar
Er du lærarutdanna? Ønskjer du deg ein plass i kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule?
Vi har ledig 100% midlertidig stilling som lærar ved Sør-Fron skule frå 1. august 2026.
Vi søkjer fortrinnsvis allmennlærarar/grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, utøver tydeleg klasseleiing og har undervisningskompetanse i norsk for ungdomssteget.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre.
- Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap.
- Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar.
Kvalifikasjonar
- Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget.
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt.
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing.
- Du er ein dyktig relasjonsbyggjar.
- Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med:
- Om lag 55 dyktige kollegaer.
- I overkant av 300 forventningsfulle elevar.
- Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek.
- Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette.
KontaktinformasjonLisbeth Clausen, Konstituert rektor Sør-Fron ungdomsskule, 97665350, lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no ArbeidsstedKommunevegen 1 2647 SØR-FRON Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune
Referansenr.: 5152005497 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 26.07.2026
Om arbeidsgiveren:
null