Tilkallingsvikar lærar skuleåret 2026-2027

VOLDA KOMMUNE OPPVEKSTSJEFEN SITT KONTOR· Møre og Romsdal· EURES· avaldatud 30.06.2026

Volda kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.

Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027. Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.

Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.

Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

Aktuelle skular:

Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060

Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749

Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232

Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366

Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393

Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623

Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 913 41 695

KvalifikasjonarVi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyrArbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.KontaktinformasjonLine Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.no ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5152066480 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027

Om arbeidsgiveren:

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Fleire ledige stillingar i Volda kommune