Heimehjelp – 80 % fast stilling

SOLUND KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSTENESTA HEIMEBASERTE TENESTER· Vestland· EURES· avaldatud 07.07.2026

Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?

Vil du vere med og bidra til at innbyggjarane i Solund kan bu trygt og godt i eigen heim? Som heimehjelp får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du hjelper menneske i ulike livssituasjonar med praktiske oppgåver som gjer kvardagen enklare. Du blir ein viktig del av helse- og omsorgstenesta og bidreg til meistring, trivsel og livskvalitet for brukarane våre.

Arbeidsstad

Stillinga omfattar arbeid i heile Solund kommune, hovudsakleg i brukarane sine heimar, med noko arbeid ved Solund helsetun.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av bustad i samsvar med vedtak og behov
  • Skifte av sengetøy
  • Klesvask og enkel handtering av klede
  • Enkle praktiske gjeremål i heimen
  • Førefallande reinhald ved Solund helsetun
  • Bidra til eit trygt, triveleg og hygienisk bumiljø
  • Samarbeide med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov
  • Følgje gjeldande rutinar, lover og forskrifter
  • Ivareta brukarane si verdigheit, integritet og sjølvbestemming
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du:

  • Har erfaring frå reinhald, omsorgsarbeid eller tilsvarande arbeid
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har førarkort klasse B

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt, omsorgsfull og imøtekommande
  • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • Er strukturert og påliteleg
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner
  • Møter menneske med respekt, varme og forståing

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling der du gjer ein forskjell kvar dag
  • Stor grad av sjølvstende i arbeidet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Offentleg søkjarliste

I samsvar med offentleglova blir det utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentleggjering må grunngje dette. Dersom ønsket ikkje kan takast til følgje, vil søkjaren bli kontakta før søkjarlista blir offentleggjord og få høve til å trekkje søknaden.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ