Vikariat barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i sentrumsbarnehagane
Ledige vikariat:
Vikariat 100% stilling barnehagelærar i perioden 01.11.2026 - 31.07.2027
Vikariat 80% stilling barnehagelærar i perioden 01.03.2027 - 31.07.2027
Vikariat 100% stilling barne- og undomsarbeidar i perioden 01.12.2026 - 31.07.2027
Vikariat 100% stilling barne- og undomsarbeidar i perioden 15.02.2027 - 31.07.2027
Kvalifikasjonar:
- barnehagelærar
- barnehagelærarstudentar som går siste året av utdanninga
- fortrinnsvis fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre fagutdanningar kan vere aktuelle
- søkarar med relevant arbeidserfaring kan bli vurdert for tilsetting om ein ikkje har fagutdanning
- erfaring frå arbeid i barnehage er ønskjeleg
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Hos oss får du:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning for barnehagelærarstudentar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Einingsleiar er Marit Sjøsæter. Øye og Solbakken barnehage består av to barnehagar med fire avdelingar, to avdelingar for born 0-3 år og to avdelingar med born frå 3-6 år. Barnehagane er administrativt samla i same eining, noko som gjev eit stort fagmiljø. Eininga har felles einingsleiar og ein styrar på kvar av barnehagane. Vi ligg sentralt til i nærleiken av Surnadal barne- og ungdomsskule , Surnadal idrettshall og dei ulike idrettsanlegga. Vi har svært god tilgang til turområde og natur rett i nærleiken. Vår visjon er: «Vaksne på sitt beste», og målet er gode relasjonar mellom barn og vaksne.