Sjukepleiar i heimesjukepleia - vikariat

SKJÅK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON· Innlandet· EURES· avaldatud 13.07.2026

Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga.

Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.

Kvalifikasjonar

-

Godkjent sjukepleiar

-

Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert

-

Førarkort klasse B

-

Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du

-

viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag

-

har erfaring frå liknande arbeid

-

viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert

-

har evne til å arbeide sjølvstendig

-

har gode samarbeidsevner

-

har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

-

har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

-

har generell forståing for bruk av meistringsteknologi

Vi tilbyr

-

tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale

-

pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 16.08.2026

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Om arbeidsgiveren:

Heimesjukepleie er medisinsk pleie og rettleiing til alle heimebuande som har ei kronisk liing eller treng hjelp over ei stuttare periode.