Miljøarbeider

Midt-Telemark kommuneTelemarkEURESavaldatud 16.09.2026

Ønsker du ein spennande og samfunnsnyttig jobb, har vi nå ett ledig vikariat i butjenesten i avd. for psykisk helse og rus. Butenesten yter tenestar til menneske med psykiske lidelsar og /eller avhengighetsproblematikk, og er lokalisert til bufellesskapet Hågalia i Bø. Vi har fokus på brukarmedverkand og å sjå den enkeltes ressursar, for et ein skal mestre sin kvardag best mogleg. Vi har 14 årverk i tenesten, hvor 9 årsverk består av vernepleierar, sykepleierar, sosionomar og barnevernspedagog. Vi har også to helsefagarbeidere med videreutdanning i psykisk helse. Kvardagen kan iblant være utfordrande, derfor har vi ei ansattgruppe som har opparbeidet eit sterkt samhold, med god støtte i kvarandre. Vi jobber i ulike team, og har arenaer for å dele kompetanse. Vi har fast samarbeid med tjenestekontor, spesialisthelsetjenesten og politi Arbeidsoppgåver

Stillinga er ei helgestilling med langvakter 2. kvar helg. Mulig å dele stillinga, slik at det blir ei 25,5% helg kvar 4. helg i staden, dersom søkjarane ønskar det. Vennligst skriv i søknaden om du ønskjer heile eller halve vikariatet.

I stillinga inngjeng:

  • Brukarretta arbeid og miljøarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Helseoppfølging, journalføring, bidra til at vedtekne planer følges opp og sikre god informasjon

Kvalifikasjonar

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med mennesker med alvorlige psykiske lidelsar og/eller rusproblematikk

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B
  • Medisinkurs

Personlege eigenskapar

  • Du verdsett samarbeid og har gode relasjonelle ferdighetar og kommunikasjonsferdighetar.
  • Du trivast i eit fagleg engasjert miljø, der ein jobbar målretta og i team.
  • Du må vere ansvarsbevisst og sjølvstendig, og bidra på ein positiv måte i tenesten.

Personelge eigenskapar vektleggast.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonEline Møllerbråten, Avdelingsleiar, +47 41764164 ArbeidsstadGamleveg 80 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5168514410 Stillingsprosent: 51% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 19.09.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.