Faste helgestillinger
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.
Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.
Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Kva du kan forvente:
- Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer
- Langvakter i helgene
- Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer.
Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.
Arbeidsoppgåver
- Daglig pleie og omsorg av pasientar
- Dokumentasjon i profil
- Legemiddelhåndtering
- Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjon/kompetanse
- Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå)
Ønska kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeider er ønskjeleg
- Søkarar uten autorisasjon kan òg bli vurdert for tilsetting som pleiemedarbeidar
- Behersker data/iPad som verktøy, i tråd med dokumentasjonsplikta
Me ønskjer deg som
- har erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg
- er interessert i å arbeide innan pleie- og omsorgstenester
- er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig
- samarbeider godt med kollegaer, brukarar og pårørande
- bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode tenester
- ønskjer å bidra til at bebuarar og brukarar opplever tryggleik og meistring
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er engasjert og positiv
- møter menneske med respekt, omsorg og tolmod
- er løysingsorientert
- tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig
- er open for læring og utvikling
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personelge eingenskapar vektleggast
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonTone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927 ArbeidsstadSkrivarvegen 2 3810 GVARV Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5174849746 Stillingsprosent: 44, 47, 24% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.