Reinhaldar

MASFJORDEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONVestlandEURESavaldatud 01.09.2026

Om stillinga

Masfjorden kommune søker etter reinhaldar i mellombels 80% stilling, med arbeidsstad for tida knytt til Matre reinhaldsområde.

Periode: Snarast - 31.12.2026, med mogleg forlenging.

Matre reinhaldsområde består av Matre skule, Indre Masfjorden barnehage, heimetenestekontoret og bassenget.

Tilsetjing kan verte gjort fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av aktuelle bygg i Matre reinhaldsområde
  • Arbeidstid: Dagarbeid i vekedagar

Krav til stillinga

  • Det er ynskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør, men det er ikkje eit krav
  • Erfaring frå reinhaldsoppgåver
  • Arbeidsam og fleksibel
  • Evne til å samarbeide og å finne gode løysingar
  • Positiv og serviceinnstilt
  • Du forstår og kan gjere deg forstått på norsk

Me kan tilby

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet
  • Løn i samsvar med avtaleverket

Om arbeidsgiveren:

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.