Helsefagarbeidar natt
Om selskapet
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Arbeidsoppgaver
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
- Natt-teneste på døgnpost.
- Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
- Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
Krav
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Hos oss er det viktig at du
- er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik
- samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team
- er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing når det er behov for det
- er lojal i forhold til avgjerder
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset.
- Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO.
Annet
Kontaktinformasjon · Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473 · Arbeidsstad Sjukehusvegen 26 5451 VALEN
Referansenr.: 5198975193 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026
Persona de contacto
Indicada por el empleador en el anuncio — para preguntas y tu candidatura.
- Britt Mari LudvigsenFunksjonsleder+47 53466473