Barne- og ungdomspsykiater til nyetablert tilbod for ungdom ved Regional sikkerheitsseksjon

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HFBergennavfeedpublicada el 15/10/2026

Vil du vere med å bygge opp eit helt nytt tilbod for ungdom med alvorlege psykiske lidingar og høg valdsrisiko? Ved Regional sikkerheitsseksjon etablerer vi no eit nytt spesialisert tilbod for ungdom i Helse Vest. Vi søker ein engasjert barne- og ungdomspsykiater som ønsker å vere med å forme fagutviklinga, tenestetilbodet og behandlingskulturen frå starten av. Dette er ein sjeldan moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit felt der behovet for kunnskap og spesialisert behandling er stort. RSA Ung Vest er under etablering og er planlagt å vere i drift frå januar 2027. Tilbodet skal gi utgreiing og behandling til ungdom med alvorlege psykiske lidingar og samansett problematikk, ofte kombinert med betydeleg valdsrisiko. Eininga vil bestå av både døgnplassar og ambulante tenester, og skal betene heile Helse Vest i tett samarbeid med BUP-einingar, barnevernsinstitusjonar, kriminalomsorgen og øvrige spesialisthelsetenester. Tilbodet er etablert som ein oppfølging av nasjonale anbefalingar om å utvikle sikkerheitspsykiatriske tenester for barn og unge på regionalt nivå, tilknytta dei regionale sikkerheitsavdelingane. Same tilbod byggast samtidig opp i Helse Midt og Helse Sør-Øst og det vil bli samarbeid nasjonalt. Helse Nord har inngått avtale med Helse Vest om at RSA Ung Vest vil betene deira opptaksområde for ein periode.

Om Klinikk sikkerheitspsykiatri

Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken er ein av landets leiande fagmiljø der forsking, undervising og fagutvikling er sentrale delar av verksemda. Dette gir unike moglegheiter for samarbeid, kompetanseutvikling og vidareutvikling av spesialiserte behandlingstilbod.

Vil du vere med og forme framtidas tilbod til ungdom med dei mest komplekse behandlingsbehova? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Kvalifikasjonar

For å trivast med arbeidsoppgåver hos oss, ser vi etter deg som har følgande kvalifikasjonar:

  • Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri (eller er i sluttfasen av LIS-utdanninga)
  • Kunnskap om valdsrisikovurdering og -handtering
  • Kunnskap om psykosetilstandar hos barn og unge
  • Kunnskap om personlegdomsproblematikk hos barn og unge
  • Kunnskap om nevroutviklingsforstyrringar og psykisk utviklingshemming
  • Erfaring frå klinisk forsking er ønskeleg
  • Krav om godkjend politiattest

Vi ber om at relevant dokumentasjon blir lagt ved søknaden.

Personlege eigenskapar

Kven er du?

  • Du er robust og har evne til å stå støtt i krevjande situasjonar på jobb
  • Du er ein lagspelar som samarbeider godt på tvers av ulike fagmiljø, og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kommuniserer opent og respektfullt med både pasientar, pårørande og kollegaer, og legg vekt på å bygge tillitsfulle relasjonar
  • Du har eit brukar- og pasientfokus, og jobbar for å sikre gode pasientforløp og effektive arbeidsprosessar
  • Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring, spesielt i ein tid der vi utviklar tenestene våre
  • Du tar initiativ, trivst med å finne løysingar og handterer endringar på ein positiv og fleksibel måte
  • Du er både fagleg og personleg trygg, arbeider sjølvstendig og strukturert, og tar ansvar for eigne oppgåver
  • Du skapar tillit gjennom å vere ein aktiv lyttar, og er open for tilbakemeldingar og nye perspektiv
  • Du har eit ønske om fagleg utvikling, og tar ansvar for eigen læring og kompetanseheving
  • Du har førarkort klasse B
  • Du kan reise på kortare oppdrag i region Vest og Nord

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Moglegheit til å bygge opp eit nytt fagmiljø frå grunnen av
  • Arbeid i skjeringspunktet mellom barne- og ungdomspsykiatri, sikkerheitspsykiatri og rettspsykiatri
  • Tett samarbeid med overlegar, psykologspesialistar og anna høgt kvalifiserte fagpersonar
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtidas behandlingstilbod for ein svært sårbar pasientgruppe
  • Gode moglegheiter for forsking, undervisning og fagutvikling

Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marthe Halvorsen Kjærstad, Konst. klinikkleiar, 90936016, mrhr@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1 5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
  • Referansenr.: 5195548484
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 08.11.2026

Persona de contacto

Indicada por el empleador en el anuncio — para preguntas y tu candidatura.