Rådgjevar kyrkjefag og samfunn
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre bispedøme "unge og unge vaksne", "kyrkja som samfunnsaktør" og "organisasjonsutvikling" som særskilde satsningsområder. Møre bispedøme har ledig ei rådgiverstilling i avdeling for kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein rådgjevar som kan gå inn i arbeidet i avdelinga, med hovudfokus på arbeidsfelta diakoni, dialog og økumenikk, kyrkja som samfunnsaktør og arbeidet med unge og unge vaksne. Det vil og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon. Kyrkjefagavdelinga arbeider tett saman, og det vil vere naturleg å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaring som den som blir tilsett har. Det kan og vere aktuelt å gå inn i andre fagfelt innan kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein person med høgare utdanning innan teologi, diakoni, kyrkjeleg undervisning eller andre relevante fagfelt. Erfaring frå Den norske kyrkja, enten som tilsett eller frivillig er ønskeleg. Kontorstad er Molde. Virkar dette spennande? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Maria Vassli Gjære for ein prat om stillinga.
Arbeidsoppgåver -Ansvar for internasjonal diakoni, økumenikk, dialog og misjon -Bidra med rådgjeving, saksførebuande arbeid og kompetanseutvikling på vegne av biskopen og bispedømerådet, i samarbeid med prostane og kyrkjevergene. -Informasjonsarbeid i Møre bispedøme -Vere med og utvikle satsing på unge og unge vaksne i Møre -Arbeid med kulturarv og Nasjonaljubileet 2030. -Oppgåvene vil til en viss grad bli tilpassa erfaring og kompetanse til den rette kandidaten. Staben på bispedømekontoret arbeider tett saman, og ein legg opp til eit tverrfagleg samarbeid. Kvalifikasjonar -Høgare utdanning, fortrinnsvis innan teologi, kyrkjeleg undervisning og læring eller diakoni. -Kunnskap om og erfaring med Den norske kyrkja som organisasjon -Fordel med erfaring frå frivillig arbeid -Utdanning på masternivå. Erfaring kan kompensere for manglende utdanning. -Møre bispedøme har nynorsk som administarsjonsspråk, og den som søkjer må oppgi om ein meistrer begge målformar. Personlege eigenskapar -God formuleringsevne skriftleg og munnleg -Evne til å ta initativ og arbeide sjølvstendig -Proaktiv og løsningsretta -Gode samarbeidseigenskapar -Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø! Spennende og utfordrende arbeidsoppgaver God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP Lønn etter avtale Anna Møre bispedøme arbeidar for å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetting og ønskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne. Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja. Vi ønsker helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkarar som ikke ønskjer navnet sitt offentliggjort, må grunngie dette, jf. Offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon Maria Vassli Gjære, Avdelingsleiar kyrkjefag og samfunn, 91523568, mg285@kirken.no Arbeidsstad Moldetrappa 1 6415 Molde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5195285798 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.11.2026
Persona de contacto
Indicada por el empleador en el anuncio — para preguntas y tu candidatura.
- Maria Vassli GjæreAvdelingsleiar kyrkjefag og samfunn91523568mg285@kirken.no