Vil du vere med og skape matglede, gode måltidsopplevingar og sunne matvanar for barn?
Kjøkkenassistent – prosjektstilling 30%
Me søkjer ein engasjert og matglad kjøkkenassistent i ei prosjektstilling på 30 % (11 timar per veke), fordelt på 2–3 arbeidsdagar. Stillinga passar for deg som er oppteken av sunn og næringsrik mat, og som ønskjer å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for barna i barnehagen.
Om stillinga
Som kjøkkenassistent vil du ha ansvar for planlegging og tilrettelegging av måltid i barnehagen. Du vil bidra til å utvikle ein matkultur som fremjar matglede, nysgjerrigheit og gode vanar hos barna. Me ønskjer at måltida skal vere ein arena for læring, fellesskap og gode sanseopplevingar.
Stillinga inneber òg å involvere barna i matlaging og matrelaterte aktivitetar, slik at dei får oppleve meistring, deltaking og glede rundt mat.
Stillingsstorleik: 30 % (11 timar per veke)
Arbeidstid: Fordelt på 2–3 dagar per veke
Oppstart: 18. august 2026
Varigheit: Prosjektstilling som følgjer skuleåret 2026–2027
Arbeidstid i feriar: Stillinga følgjer skuleruta, og det er fri i skuleferiane.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og tilbereie sunn og næringsrik mat til barna, i tråd med Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltider i barnehagen.
- Ha ansvar for mathygiene og rutinar knytte til mattryggleik, også matallegiar og andre særskilte behov
- Innkjøp og bestilling av matvarer
- Skape inspirerande måltid som stimulerer alle sansar
- Involvere barn i matlaging, baking og andre mataktivitetar
- Samarbeide tett med dei andre tilsette om måltid og pedagogiske aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Erfaring med matlaging, kjøkkenarbeid eller ernæring er ønskjeleg
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har interesse for sunn, variert og næringsrik mat
- Er kreativ og glad i å lage mat
- Trivst saman med barn og ønskjer å inkludere dei i mataktivitetar
- Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Ei meiningsfull og spanande prosjektstilling
- Moglegheit til å påverke barnehagen sin matkultur og måltidspraksis
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
- Fri i skuleferiane
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Søknadsfrist: 15.juli
For nærare informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Ingvild V. Tveiten på tlf.nr. 45610966, e-post ingvild.tveiten@suldal.kommune.no
Bli med og skap matglede for alle barna!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!