Rådgjevar

VANYLVEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONMøre og RomsdalEURESpublished 11/16/2026

Vanylven kommune lyser ut eit eittårig vikariat som rådgjevar i 100 % stilling. Rådgjevaren skal hjelpe kommunedirektøren med å utarbeide og følgje opp politiske saker, og arbeide med plan- og prosjektoppgåver.Er du rett kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent arbeidsplass med kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø. Du vil sitje tett på kommuneleiinga og vere med der avgjerdene blir tekne.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandle og følgje opp politiske saker
  • Planarbeid og plankoordineringarbeid
  • Utlysing og oppfølging av prosjekt
  • Andre arbeidsoppåver kan verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet innanfor planlegging, samfunnsfag eller juss
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

Det er ein fordel med:

  • Erfaring med sakshandsaming frå offentleg verksemd
  • Kjennskap til kommunelova, plan- og bygningslova og forvaltningslova

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Løysingsorientert og god til å samarbeide
  • Gode kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver tett på kommuneleiinga
  • Personleg utvikling og fagleg rettleiing
  • Nedbetaling av studielån (dersom du blir folkeregistrert i Vanylven eller ein kommune med slik ordning)
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn og vilkår etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjon og forsikringsordning gjennom KLP

KontaktinformasjonAndreas Chr Nørve, Kommunedirektør ArbeidsstadRådhuset 6143 FISKÅ Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5207574345 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 30.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. Velkomen til å søkje hjå oss!