Psykisk helse- og rus har fleire nyoppretta ledige stillingar
Er du ein trygg, tydeleg og engasjert fagperson som ønskjer å bidra til gode rammer for meistring, utvikling og livskvalitet?
Vi søkjer etter personar som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen gjennom relasjonsbygging, omsorg og fagleg oppfølging. Vi ser etter medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn som kan bidra til eit sterkt fagmiljø og gode tenester for brukarane våre.
Vi ønskjer å finne dyktige medarbeidarar som kan bidra positivt inn i eininga vår – og vi håpar du er ein av dei.
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er i ferd med å etablere ei ny avdeling som skal yte heildøgnstenester til inntil fem brukarar med ulike utfordringar og problemstillingar. I høve dette planlegg vi for å opprette fleire stillingar.
Det vert planlagt for turnusordning med nattevakter, langvakter og medlevarordning/døgnturnus (2-7-2-7-3-7). Skriv gjerne i søknaden kva type turnus som kan vere aktuell for deg. Også om det skulle vere aktuelt med fleire alternativ.
Stillingane er i utgangspunktet 100 %, men stillingsstorleiken kan variere noko mellom dei ulike turnusordningane.
Oppstart vil verte stegvis, då dato for innflytting av brukarane er ulikt. Ein jobbar for å få etablert bemanning kring fyrste brukar fram mot jul 2026.
Vi oppmodar menn om å søkje, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Arbeidsoppgåver :
- Miljøterapi og miljørbeid
- Skape tillit og trygge relasjonar med fokus på å utvikle sjølvstende og meistring
- Samarbeid med pårørande, samarbeidspartnarar og andre instansar
- Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
- Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø
Kvalifikasjonar :
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Bachelorutdanning innan relevant fagområde, til dømes barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. For å sikre breidde i kompetansen og eit godt tverrfagleg samarbeid ønskjer vi søkjarar med ulik relevant utdanningsbakgrunn. Søkjarar med anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning og erfaring kan òg bli vurderte. Samansetjinga av kompetansen i tenesta vil bli tillagt vekt ved tilsetjing.
- Gyldig førarkort klasse B
Vi søker deg som:
- Har erfaring frå liknande arbeid
- Har god skriftleg framstillingsevne
- Har eit ekte engasjement for arbeid med menneske
- Er god til å skape trygge og tillitsfulle relasjonar
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Er fleksibel, løysingsorientert og robust
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr :
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
I eininga har vi omlag 47 årsverk. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.
Du søkjer elektronisk.
Velkommen som søkjar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon:
Einingsleiar Psykisk helse og rus
Finn Ove Arnes; Tlf: 47 65 35 20. Finn.ove.arnes@sunnfjord.kommune.no
Grunna ferieavvikling vil eg ikkje vere tilgjengeleg på telefon i søknadsperioden. Dersom de treng å prate med nokon, ta kontakt med:
I perioden 06.07 - 17.07
Bjørn Henning Solheim på tlf: 48 11 18 71
I perioden 20.07 - 31.07
Aina Mikkelsen på tlf: 91 39 23 21
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.