Vil du vere med og skape trygge netter for våre bebuarar?
Om Suldal sjukeheim Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom Me har årsturnus Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
Om stillinga Stillingsstorleik: 92 % Stillingstype: fast Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg Oppstart: 01.12.26 Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
Arbeidsoppgåver Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Personlege eigeskapar vil bli vektlagt Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt Gode datakunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar Tek ansvar og arbeider strukturert Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid Tilsett i Suldal kommune Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000 Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
Me har bedriftshelseteneste
Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Me har nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Contact person
Listed by the employer in the job posting — for questions and your application.
- Elida Lillehammer BakkaEiningsleiar+47 97 02 99 49elida.lillehammer.bakka@suldal.kommune.no