100% stilling som Kafè og produksjonsmedarbeidar

MATSTOVA AS· Vestland· EURES· published 06/17/2026

Vi ser etter ein alsidig person som ønskjer å arbeide både i produksjon og sal av produkta våre på bakeriutsalet vårt. Fast stilling er på 80-100%, og tilsetjing snarast eller før 1. august.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som ønskjer å yte service til kundane, bidra til eit trivelig arbeidsmiljø, jobbar ryddig, effektivt og har god hygiene og reinhald. Kommuniserer godt på norsk og gjerne har erfaring frå faget.

Arbeidsoppgaver

Produksjonsmedarbeidar:

Bli med i vårt team i Oppstryn der all produksjon av våre produkt foregår. Her er vi 6 personar som jobbar saman i både bakeri, konditori og kjøkken. Stillinga vil vere å produsere opp kaker til frys og klargjere kaker til bakeriutsalet vårt kvar dag. Jobben vil også vere å bake lefser på hausten og fram mot juletider. Vi driv også med catering og servering i våre selskapslokaler, då det kan vere behov for hjelp her også i blant.

Kafemedarbeidar:

På bakeriutsalet vårt på Stryn Torg får du vere med å klargjere all baksten som skal seljast frå disk og brødhyller. Her er det pakking av brød, klargjering av søt bakst, smørjing av baguettar og rundstykker mm. Her jobbar du i eit hektisk miljø der vi har mykje gjester innom kvar dag. Du arbeider også med kaffimaskin, steiking av pizza, rydding og oppvask. Laurdagsvakt kvar 4. veke.

Vi håpar du

-

Har eit ønske om å gje god service til kundane

-

Trivast i eit sosialt og tidvis hektisk miljø

-

Jobbar godt saman med andre, men også åleine

-

Jobbar ryddig, effektivt og har god hygiene og godt reinhald

-

Kommuniserer godt på norsk

-

Har erfaring innan faget, men det er ikkje eit krav

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein arbeidsplass med variert arbeid gjennom året, der det er roleg på vinteren og hektisk i sesong.

Om arbeidsgiveren:

Matstova er ei lita familiebedrift med produksjon og sommarkafè i Oppstryn. Der blir alt produsert til kafeen i Stryn. Her har vi heilårsåpen kafè med utsal av brødvarer, søt bakst, påsmurt, kaker og ulike tørrvarer. Vi bakar også lefser som vi sel frå frysedisken. Vi driv også med catering og har selskapslokale i Oppstryn som er tilgjengeleg heile året.