Leiar for tenester til heimebuande
Er du vår nye leiar i helse og omsorg?
Me har ledig stilling som leiar for tenester til heimebuande.
Pleie og omsorgstenesta i kommunen omfattar omlag 400 tilsette og er organisert i avdelingane: tenester til heimebuande, heildøgnstenester og tenester til menneske med utviklingshemming.
Avdeling tenester til heimebuande har om lag 70 årsverk og yt pleie og omsorgstenester til heimebuande i heile kommunen. Avdelinga er organisert i gruppene:
- Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling ( korttidstilbod i institusjon) med 16 senger, inkl ØHD- tilbod ( øyeblikkeleg hjelp døgntilbod)
- Kvam heimetenester
- Dagaktivitetstilbod til eldre
Leiar for tenester til heimebuande har det overordna ansvaret for tenestetilbodet i avdelinga og samarbeider tett med gruppeleiarane som har driftsansvar i kvar si gruppe. Kontorstad er på Toloheimen i Norheimsund.
Leiar skal saman med gruppeleiarane og dei tilsette skapa omsorgstenester for framtida. Styrking av kompetanse og meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen i kommunen. Saman med dette er den statlege kvalitetsreforma "Bu trygt heime" retningsgjevande for innsatsen mot eit mer aldersvennleg samfunn innen aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng og overgangar i tenestene.
Leiar for tenester til heimebuande samarbeider tett med dei andre leiarane i helse- og omsorg og deltek i helse og omsorgsjefen si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- vidareutvikla avdelinga i tråd med ny omsorgsmodell
- bidra til kommunen si satsing på tenester i heimen, tidleg innsats, meir dag- og aktivitetstilbod, auka satsing på rehabilitering og meir bruk av velferdsteknologi
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement i arbeidet med tenesteutvikling
- involvera og samarbeida tverrfagleg med andre samarbeidspartar internt i kommunen og eksternt i tråd med gjelande lovverk og politiske og administrative vedtak
- overordna økonomi, fag og personalansvar for tenesteområdet
- følgja opp målsetjingar i budsjett, økonomiplan og fagplanar
- systemansvar for rekruttering og kompetanseutvikling
- tenesteutvikling, kvalitets- og prosedyrearbeid
- HMS og internkontroll
- delta i kommunen sitt inntaksteam og i leiargruppa i helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har vidareutdanning innan leiing, t.d. nasjonal helselederutdanning
- Vidare vert det lagt vekt på leiarerfaring og/eller relevant erfaring fortrinnsvis frå kommunale helse og omsorgstenester
- Vår nye leiar må ha kunnskap om og god forståing når det gjeld økonomistyring
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein engasjert leiar som er utviklingsorientert og vil vera med og forma tenestetilbodet for framtida
Du er målretta, beslutningsdyktig og handlekraftig Du lyttar, involverer og inspirerer dine tilsette Du er oppteken av å byggja kultur for samarbeid og å gjera kvarandre gode Du er oppteken av kontinuerleg forbetring Du har evne til å prioritera mellom oppgåver, arbeider strukturert og systematisk Du viser høg etisk standard
Me tilbyr
- Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i endring
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla kvarandre og Kvam herad
- Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonTerje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258 ArbeidsstadSandvenvegen 30 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5148229011 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Oppdag Kvam - framtida er her!Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetarVed fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtidaMe har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringslivNæringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir