Reinhaldsoperatør

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS· Rogaland· EURES· published 08/07/2026

Er du vår nye reinhaldsoperatør?

Vi har no ledig to 1års vikariat ved avdelinga vår.

Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. I avdeling for husøkonomi blir du ein del av ein kultur der det er forskjellane våre som bringar oss videre. Det er ein inkluderande gjeng frå 14 ulike nasjonalitetar.

Stillingane inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde lørdag.

Kva går jobben ut på?

  • Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar.
  • Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens.
  • Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar.
  • Smittereinhald etter angitt prosedyre.
  • Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800.
  • Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget, lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet.
  • Ønskeleg med erfaring i smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar.
  • Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800.
  • Grunnleggjande IKT kompetanse.
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • arbeider både sjølvstendig og i team
  • er positiv, åpen og imøtekomande
  • har god arbeidskapasitet
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den tilsette kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale.
  • God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag.

KontaktinformasjonJarle Reinertsen, Avdelingsleiar ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5161080779 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 21.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.