Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar
Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi?
Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026.
Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, utviklar seg og spelar kvarandre gode. Hos oss får du dyktige kollegaer, god opplæring og tett oppfølging i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg nysgjerrigheit.
For søkjaraar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten slik at samla stillingsstorleik kan bli 100 %.
Arbeidsoppgåver
- Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV)
- Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar
- Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar
- Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid i eit fagmiljø med både praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver
- Delta i øvrige oppgåver ved Nevro- og revmapoliklinikken
- Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer primært ein offentleg godkjend sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant utdanning kan også søkje
- Erfaring innan nevrologi og/eller klinisk nevrofysiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode IT-kunnskapar og teknisk forståing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er teknisk anlagt, har god digital kompetanse og likar å setje deg inn i ny teknologi
- Du har gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus
- Du har gode samarbeidsevner, fagleg interesse og engasjement
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team
- Du er fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Strukturert oppleæring innan klinisk nevrofysiologi
- Rettleiing og fagleg støtte frå erfarne kollegaer
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538 Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5154244635 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.