Helsesekretær/ sekretær
Kirurgisk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat som helsesekretær/sekretær.
Vi har ledig to vikariat i 100 % stilling frå september 2026 til februar 2027 Oppstart etter nærare avtale
Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, Augeavdeling, Kvinneklinikken, Kirurgisk avdeling, Ortopedisk avdeling, Dagkirurgisk senter og Skopi-, urologi- og operasjonspoliklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i elektronisk pasientjournalsystem (DIPS Arena)
- Pasientservice
- Timebestilling (poliklinikk, sengepost og ventelister)
- Telefonadministrasjon
- Andre førefallande pasientadministrative og pasientretta oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Det er ein fordel med kjennskap til sjukehuset sine datasystem
Personlege eigenskapar
- Du evner å møte pasientar og kollegaer på en positiv og respektfull måte
- Du er sjølvstendig, proaktiv, strukturert og nøyaktig
- Du trivst med å arbeide i eit aktivt og tverrfagleg miljø
- Du er pliktoppfyllande, serviceorientert og til stades for pasientar og kollegaer
- Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og samarbeid på tvers av fagmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein spennande og utfordrande arbeidskvardal
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5141740212 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.