Helsesekretær

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS· Vestland· EURES· published 06/15/2026

Vi søkjer autorisert helsesekretær i 100 % fast stilling.

Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø? Vi søkjer no ein autorisert helsesekretær til fast stilling i 100 %.

Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med både pasientkontakt og administrative oppgåver. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling i eit inkluderande og profesjonelt miljø.

Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.

Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV.

Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasienter
  • Kliniske oppgåver etter kvalifikasjonar
  • Administrative opgåver som timebestilling
  • Telefonbetening
  • Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena)

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær
  • Erfaring fra liknande arbeid er ein fordel
  • Gode IT-kunnskapar
  • Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å handtere ein hektisk arbeidsdag

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande jobb
  • Meningsfullt arbeid som gir høve til personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonBelvira Omic, Seksjonsleiar, (+47) 995 91 403 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5145975071 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.