3. års sjukepleiarstudentar
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027.
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling.
Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-.
Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. Stillingsprosent: 16 - 25
Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*****)
Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027.
Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:
Lærdal
- Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*****)
Nordfjord
- Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*****)
Førde
- Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*****)
- Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*****)
- Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*****)
- Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641
- Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487
- Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 (*****)
- Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*****)
- Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar
- Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg
Kvalifikasjonar
- 3.års sjukepleiarstudent
- Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel
- Takle tidvis høgt temp
- Vere engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein lærerik og utviklande arbeidsstad
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSjå kontaktinformasjon ovanfor ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5133551166 Stillingsprosent: 25% Vikariat Søknadsfrist: 14.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.