Sjukepleiar til 60-80% fast nattevaktsstilling ved Kirurgisk klinikk post 3
Vil du ha ei meiningsfull og spennande nattevaktstilling der du verkeleg får brukt kompetansen din som sjukepleiar?
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tek hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Posten har 20 senger og behandlar både elektive og akutte pasientar, noko som gir varierte arbeidsdagar og høg fagleg utvikling – også på natt.
Du får moglegheit til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har støtte frå dyktige og engasjerte kollegaer. Post 3 er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg trivsel og ein kultur der ein stiller opp for kvarandre.
Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon, og vi legg til rette for at du kan utvikle deg vidare som sjukepleiar. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk, noko som gir godt samarbeid og tryggleik i arbeidet.
Stillingsprosent er oppgitt til 80%, men vi kan tilby stillingsprosent mellom 60–80% for den rette kandidaten.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
- Sjukepleie til palliative pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringer
- Vere en god teamarbeider
- Tilpassingsdyktig
- Ansavarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Sjøvstendig
- Engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukepleiefagleg rettleiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarianne Titland Sørensen, Seksjonsleiar, 47885488, marianne.titland.sorensen@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5155574349 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 07.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.