Assistent i operasjonsavdeling

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS· Vestland· EURES· published 07/10/2026

Er du vår nye kollega?

Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i KSK med tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt. Vi gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell der Støtte SOP er ein av de tre seksjonar som gir service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar:

  • 2 x 100% faste assistenter. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg

Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Assistent- per dags dato:

  • Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
  • Rengjering og desinfisering av medisink gjenbruksutstyr
  • Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
  • Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for "flaskehalsar"
  • Rullering på ulike einingar må påreknas
  • Arbeidsoppgåver kan bli endra i takt med utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført vidaregåande skole
  • Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
  • Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365)
  • Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
  • Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du arbeider målretta og strukturert
  • Du har høg arbeidsmoral
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
  • Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
  • Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
  • Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
  • Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
  • Du er i god fysisk form
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
  • Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på

Vi tilbyr

  • Opplæring i alle våre system
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
  • Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Mentor i opplæringsperioden
  • Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonPia Flatebø, Seksjonsleiar, +47 55970680 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5154926411 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 06.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.