Maskinsjef Askvoll-Værlandet

Fjord1 - Maritim DriftAskvoll, Askvoll, Vestlandnavfeedpublished 10/06/2026

Vi søker maskinsjef til vikariat til MF Nordfjord som trafikkerer sambandet Askvoll-Værlandet.   Skiftordning er  mandag-onsdag, fredag-mandag og onsdag-fredag, deretter 9 dagar fri. Du arbeider dag/kveld.  Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.  Vikariatet går  frå 15.10.26-31.1.27. Vi er også interessent i å komme i kontakt med maskinsjefar som kan ta vakter ved behov.  Det er ein fordel at søkar bur lokalt. Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Kompetansesertifikat minimum M3 FSE e-læringskurs Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig   Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Kontaktinformasjon Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962, siv.furnes@fjord1.no Arbeidsstad

6980 Askvoll Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5190496054 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 20.10.2026

Contact person

Listed by the employer in the job posting — for questions and your application.