Mannskap til sambandet Lavik-Oppedal
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi søkjer skipsførar, overstyrmann/dekkssjef, maskinsjefar og matrosar.
- 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode.
- Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri
Du må skrive i søknaden kva stilling som er aktuell for deg.
Reise til/frå jobb blir dekka. Oppstart: september/oktober.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat for overstyrmann og skipsfører
- Minimum M3-sertifikat for maskinsjef
- For matros , nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
- Gyldig helseattest
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Fokus på gode kundeopplevingar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager
- God kommunikasjonsevne
- Fordel å beherske engelsk språk
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst
- Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
- Ein bur om bord i arbeidsperioden
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no Arbeidsstad 6947 Lavik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5142885270 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.