Vikariat: Organisasjonsmedarbeidar DNT Sogn og Fjordane / Indre Sunnfjord Turlag

DNT SOGN OG FJORDANE AVDELING HØYANGER· Vestland· EURES· published 07/03/2026

Vil du jobbe med friluftsliv, ungdom og organisasjonsutvikling i hjarte av Sogn og Fjordane? DNT Sogn og Fjordane og Indre Sunnfjord Turlag lyser ut eit 10 månaders vikariat som organisasjonsmedarbeidar i 100 % stilling, med arbeidsstad i Førde. Stillinga er delt mellom dei to organisasjonane.

Hva vi ser etter

  • Har relevant administrativ utdanning eller tilsvarande realkompetanse
  • Har god organisasjonsforståing og erfaring frå frivillig arbeid
  • Er digital, kommunikasjonsterk og likar å samarbeide med barn og ungdom
  • Har kjennskap til DNT og friluftslivsorganisasjonar
  • Skriv nynorsk

Arbeidsoppgaver

  • Koordinere og leie prosjektet Unge Naturtalenter
  • Kontaktperson for Barnas Turlag, DNT ung og Friluftsliv Tilrettelagt
  • IT-støtte, tilgangsstyring og opplæring i system for lokale turlag
  • Sosiale medium og annonsering av aktivitetskalender
  • Dagleg drift, styremøte og organisasjonsarbeid i Indre Sunnfjord Turlag
  • Aktivitetsutvikling og oppfølging av frivillige og undergrupper
  • Søknadsarbeid, økonomioppgåver og rapportering

Vi tilbyr

  • 10 månaders vikariat i 100 % stilling, med oppstart oktober/november 2026
  • Variert og meiningsfull arbeidsdag på tvers av to organisasjonar
  • Løn etter nærare avtale
  • Engasjerte kollegaer og eit aktivt frivilligmiljø
  • Reisegodtgjersle etter gjeldande satsar
  • Arbeidsstad i Førde

Om arbeidsgiveren:

DNT Sogn og Fjordaneer regionleddet for 14 lokale turlag med om lag 8000 medlemmer. Vi arbeider for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenleg friluftsliv, og for å ta vare på natur- og kulturgrunnlaget for friluftslivet. Lokallaga våre har høg aktivitet året rundt - dei merkar stiar, held ved like hytter og arrangerer turar og aktivitetar for alle aldrar. Vi støttar lokallaga med kurs, samlingar og møte, og er kontaktpunkt mot styresmakter, samarbeidspartnarar og DNT sentralt.

Indre Sunnfjord Turlag er lokallaget for Askvoll, Fjaler og Sunnfjord kommunar. Vi arbeider for eit allsidig, inkluderande og miljøvenleg friluftsliv, og tilbyr naturopplevingar i trygge rammer for alle aldersgrupper. Gjennom heile året arrangerer vi fellesturar og aktivitetar med kompetente turleiarar, og driv vedlikehald av stiar og hytter. Frivillige er berebjelken i turlaget.