Ergoterapeut - vikariat i 50 % stilling
Ål kommune søkjer fagleg engasjert ergoterapeut i eit vikariat i 50 % stilling frå 1. oktober 2026-31.07.26.
Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 3 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø, eit aktivt fagmiljø og breitt samarbeid med andre faginstansar. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Arbeidsområde:
- Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste.
- Førebygging, behandling og rehabilitering i og utanfor institusjon.
- Hjelpemiddelformidling og oppfølging.
- Vere med å finne fram til og ta i bruk velferdsteknologiske løysingar/e-helse.
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend ergoterapeut
- Gjerne erfaring frå offentleg praksis
- Førarkort klasse B er ein fordel.
Personlege eigenskapar:
- Interesse og engasjement for faget
- Gode kommunikasjons – og samarbeidsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Positiv innstilling til brukarar og kollegaer
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på ved tilsetting.
Me kan tilby:
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Lønn etter gjeldande avtaler
Me gler oss til å få deg med på laget!
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Flytte til Ål?
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Avdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester det brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist i frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.