Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat innan utdanningsforsking Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgere utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av UiB og er delvis knytt til Erasmus+ prosjektet MINT (Mathematics Innovation in New Teaching). Om prosjektet/arbeidsoppgåver I dagens høgteknologiske samfunn, er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast med å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket til naturvitskapen. Matematisk institutt (MI) har eit stort undervisningsansvar for å utvikle nødvendig matematisk kompetanse, spesielt i tidelege stadium av studieløpet i STEM-utdanningane (Science, Technology, Engineering and Math). Undervisningsopplegg med førebuande plenum forelesningar, gruppe-øvingar og obligatoriske innleveringa har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer har instituttet satt i gang fleire studiekvalitetsprosjekt i samarbeid med Forskingssenter i realfagslæring (SERC ) med mål om å auke studentane sitt læringsutbyte. Stipendiaten vil: Studere implikasjonar av ulike tiltak for pedagogisk utvikling og studiekvalitet på individ- , institutt-, institusjon-, og sektornivå innan forsking på matematikkundervisning i STEM-utdanning på universitetsnivå Undersøke samanhengar mellom undervisarane og studentane sine haldningar, motivasjon, praksisar, og læringsutbyte, i samarbeid med andre partnerar i prosjektet Analysere data, skrive og publisere vitskaplege artiklar. Vere ein aktiv del av studiekvalitetsarbeidet på MI Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematiske fag. Søkjarar frå annet STEM-fag enn matematikk, må ha ein sterk matematisk bakgrunn for å bli vurdert til stillinga. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 20.12.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Erfaring med undervisning i matematikk eller matematikkdidaktikk på relevant nivå er ein føremon. Erfaring frå utvikling og analyse av høgare utdanning samt undervisning er ein føremon Erfaring frå eller kompetanse innan bruk av spørjeundersøkingar i utdanningsforsking er ein føremon Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, eventuelt gode kunnskapar i eit anna skandinavisk språk. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. CV Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. relevante attestar godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Antonella Zanna, på Antonella.Zanna@uib.no eller professor Sehoya Cotner på Sehoya.Cotner@uib.no. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her . Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Contact person
Listed by the employer in the job posting — for questions and your application.
- Karoline ChristiansenHR-rådgjevar+4755584770karoline.christiansen@uib.no