Rekneskapssjef
Om selskapet
Har du lyst på nye utfordringar? Vestre Slidre kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert rekneskapssjef i 100% fast stilling.
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Arbeidsoppgaver
Kommunen har ansvar for dei fleste offentlege tenester til innbyggarar i alle aldrar. Som rekneskapssjef i kommunen har du ei viktig rolle i arbeidet for at fellesskapet sine ressursar blir forvalta på ein trygg, effektiv og framtidsretta måte. Vi ser etter deg som har solid erfaring med rekneskapsarbeid og som kombinerer sterk fagkompetanse med interesse for lagarbeid, utvikling og digitalisering. Som rekneskapssjef får du ansvar for rekneskapsføring og finansiell rapportering i kommunen, og har eit tett samarbeid med tenesteleiarane og løn.
Krav
Arbeidsoppgåver
- Rekneskapsføring og finansiell rapportering for heile kommunen
- Støtte og rettleie tenesteleiarar i prosessar for budsjett og rekneskap
- Sikre korrekt og effektiv gjennomføring av månads-, tertials- og årsavslutning
- Utarbeide årsrekneskap og koordinere revisjonsprosessar
- Ansvar for skatte- og avgiftsrapportering
- Videreutvikle og effektivisere rutiner, prosessar og system
- Systemansvar for økonomisystema. Kommunen brukar Visma Enterprise Pluss som rekneskapsprogram.
- Bidra med analyser og økonomisk innsikt til leiinga
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning innan rekneskap, revisjon eller økonomi
- Erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
- Ynskjeleg med solid erfaring frå rekneskap og/eller revisjon, helst frå kommunal sektor
- God kjennskap til eitt eller fleire rekneskapssystem
- God kjennskap til norsk rekneskapslovgjevning, skatt og meirverdiavgift
- Erfaring med årsoppgjer og revisjon
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert og nøyaktig
- Lagspelar
- Gler deg over felles resultat
- Leitar etter nye løysingar
Vi tilbyr
- Nøkkelrolle i kommunen si drift
- Stillinga er plassert i kommunen si avdeling for Administrasjon og Økonomi
- Gode moglegheiter for fagleg og karrieremessig utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknad
Aud-Karin Hovi, Økonomisjef, 41 45 54 39, aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.no
Annet
Arbeidsstad Slidrevegen 16 2966 SLIDRE
Referansenr.: 5176122862 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Υπεύθυνοι επικοινωνίας
Αναφέρονται από τον εργοδότη στην αγγελία — για ερωτήσεις και την αίτησή σου.
- Aud-Karin HoviØkonomisjef41 45 54 39aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.no