ALIS / Spesialist i allmennmedisin

SYKKYLVEN KOMMUNE LEGESENTER· Møre og Romsdal· EURES· δημοσιεύθηκε 09/07/2026

Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legetenestene i Sykkylven kommune. Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting. Listelengden kan diskuteres etter behov og kapasitet.

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialist i allmennmedisin/ALIS fra 01.10.2026

Sykkylven legesenter er kommunalt drive, har 9 legeheimlar og eit erfarent hjelpepersonell. Vi har og ei legevakt som er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune. Legevakta omfattar 3 faste legevaktslegar som dekker kveld og natt, med hjelp av sjukepelairar på kveld og helg. Fastlegane i Sykkylven og Stranda deltek i daglegevakt.

Legesenteret er samlokalisert med Psykisk helse og rus samt Heimebasert omsorg i det nye Helsehuset i Sykkylven sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Moglegheit for arbeid i helsestasjon
  • Deltaking i legevaktsordning (lav vaktbelastning)
  • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS (gjeld spesialist)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin/ ALIS løp
  • Meistrar norsk munnleg/skriftleg og har god framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Fleksibilitet
  • Personleg egnaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
  • Fagmøter
  • Næringsdrift eller kommunal tilsetting
  • Moderne fasiliteter

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765 , kanutte.roald@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5154849244 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylvenher