Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

STRANDA KOMMUNE SUNNYLVEN OMSORGSSENTER· Møre og Romsdal· EURES· δημοσιεύθηκε 04/06/2026

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Sunnylven distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov.

Arbeidsoppgåver

  • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
  • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar

KvalifikasjonarErfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar

  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Interesse for faget.
  • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

Løn etter kvalifikasjonar

KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 ArbeidsstadHellesyltvegen 17 6218 Hellesylt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5025149629 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.