100 % fast stilling som fagsjukepleiar
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.
Hva vi ser etter Kvalifikasjonar
-
Autorisert sjukepleiar
-
Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
-
Gode norskkunnskapar
-
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
-
Engasjert i fag og utvikling
-
Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
-
Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer
-
Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag
-
Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet
Arbeidsoppgaver
Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.
Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg.
Arbeidsoppgåver
-
Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving
-
Rettleie og støtte kollegaer og studentar
-
Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning
-
Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging
-
Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
Pensjonsordning i KLP.
Om arbeidsgiveren:
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.