Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus.
- gongs utlysing. Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus.
Hva vi ser etter
Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar / vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus i eit vikariat.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til auka meistring, livskvalitet og inkludering for menneske som treng støtte i kvardagen.
Ønskede kvalifikasjoner:
- Bachelor som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Erfaring frå psykisk helsearbeid og/eller rusfeltet er ein fordel.
- Gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og relasjonsorientert.
- Digital kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av vaksne med langvarige og samansette psykiske helse- og rusutfordringar.
- Kartlegging, tiltaksplanlegging og dokumentasjon.
- Miljøarbeid, praktisk bistand og individuelle samtalar.
- Samhandling med fastlege, Nav, spesialisthelseteneste og pårørande.
- Rettleiing og motiveringsarbeid.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på tverrfagleg arbeid og samarbeid.
- Løn etter hovudtariffavtalen.
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
Om arbeidsgiveren:
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Avdelinga er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Den ligg i same bygg som dagsenteret for tilrettelagte tenester på Heddeli. Me er sju medadbeidarar som jobbar i avdelinga, men den eine er i permisjon frem til 1.4.27