SFO-leiar

KLEPPE SKULE SFORogalandEURESδημοσιεύθηκε 20/10/2026

Om selskapet

Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO.

Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen.

Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.

Om arbeidsgiveren Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Arbeidsoppgaver

Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule?

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift
  • Sørge for god struktur og gode planar for aktivitetar og bemanning
  • Drive utviklingsarbeid knytta opp mot Nasjonal rammeplan for SFO
  • Personalansvar for tilsette i SFO
  • Delta aktivt i arbeid med barn i SFO si åpningstid
  • Samarbeide med personalet i skuledelen og med aktuelle kommunale instansar
  • Bidra i overgangsarbeid frå barnehage til skule og SFO
  • Elevoppfølging og kontakt med heimane
  • Vere ein del av skulen si leiargruppe
  • Delta i vårt kommunale SFO-leiarnettverk
  • Bestilling og innkjøp

Krav

Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn.

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • Gode norskkunnskaper
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Eit inkluderande elevsyn
  • Positiv, fleksibel og stå-på-vilje
  • Initiativrik og nytenkjande
  • Godt humør

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
  • Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.

Søknad

Kontaktinformasjon Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767 Arbeidsstad Viervegen 10 4351 Sandholen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5197202674 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026

Annet

Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule.

Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.