Helsefagarbeider - Vikariat

BUTENESTE NORDRE ADMMøre og RomsdalEURESδημοσιεύθηκε 30/10/2026

Om selskapet

Butenesten Nordre avdeling Ørskog gir tilrettelagte tenester for 17 personer med nedsatt funksjonsevne. Ein tilbyr hjelp til å dekke personlege og praktiske behov, det kan være praktisk bistand, opplæring og nødvendig helsehjelp. Tenestene utformast i samarbeid med brukeren. Ein vil legge til rette for mestring og utvikling gjennom aktiv og meiningsfylt tilvære i felleskap med andre.

Om arbeidsgiveren Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund. Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at tjenestemottaker får nødvendig helsehjelp og tjenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
  • Utføre observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
  • Legemiddelhåndtering.
  • Støtte brukar i kvardagsmeistring og bidra til auka livskvalitet.
  • Bruke naudsynte hjelpemiddel og/eller kommunikasjonsverktøy.
  • Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar i tråd med vedtak og endra behov.
  • Samarbeide tverrfagleg med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut, samt anna helsepersonell og pårørande.
  • Bidra til fagleg utvikling, engasjement og kontinuerleg oppdatering på arbeidsplassen.

Krav

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeider med godkjent fagbrev - andre med relevant utdanning kan søke og bli vurdert.
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Kunnskap om helse og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
  • Du må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver, samt god opplæring.
  • Fagleg påfyll.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift
  • Gratis parkering

Søknad

Kontaktinformasjon Silje F. Midthjell, Avdelingsleder, 951 47 889, Silje.Midthjell@alesund.kommune.no Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad Prestegardsvegen 22A 6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5198947223 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 22.11.2026

Annet

Botjeneste Nordre - avdeling Ørskog har ein Miljøterapeut som skal i svangerskapspermisjon. Vi trenger ein erstattar i 100 % stilling i tidsrommet Januar 2027 - til og med desember 2027.

Turnusen er tidlig vakter og sein vakter med jobb kvar tredje helg. Virksomheten bruker Årsturnus.