Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll?
På vegne av arbeidsleiaren vår i Austevoll søkjer vi no etter nye BPA-assistentar. Arbeidsleiaren klarer seg godt sjølv i kvardagen, men på grunn av synsnedsetjing har han behov for praktisk bistand til enkelte daglege gjeremål.
Som BPA-assistent vil du bidra til at kvardagen går litt enklare. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere handling, rydding og vask i heimen, matlaging og lettare vedlikehald. Du må også kunne vere med på aktivitetar, trening, transport og reiser.
Vi søkjer etter éin til to faste assistentar, i tillegg til tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
Husarbeid og praktisk bistand i heimen Lettare vedlikehald inne og ute Bistand med matlaging Vere med på handleturar Assistere ved transport Bistå ved kortare og lengre reiser Vere med på aktivitetar og trening
Arbeidstid
Arbeidet vil hovudsakleg vere på dagtid og elles etter avtale med arbeidsleiar.
Ønska kvalifikasjonar
Har førarkort klasse B Har tilgang til eigen bil Har gode norskkunnskapar Er påliteleg, fleksibel og trivst med praktiske arbeidsoppgåver Personleg eigenheit og god kjemi med arbeidsleiar vil bli tillagt stor vekt. Dette kan vere ei fin stilling for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb, der du bidreg til at ein annan person kan leve eit sjølvstendig og aktivt liv.
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb med stor betydning i kvardagen til eit anna menneske Moglegheita til å bidra til auka livskvalitet og sjølvstende Eit nært og triveleg arbeidsmiljø Grundig opplæring og tett oppfølging frå arbeidsgivar og arbeidsleiar Tilgang til kurs og fagressursar gjennom NHI
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte koordinator Agnethe Lynn Ytrøy på ay@assent.no.
Υπεύθυνοι επικοινωνίας
Αναφέρονται από τον εργοδότη στην αγγελία — για ερωτήσεις και την αίτησή σου.
- Agnethe Johanne Ytrøykoordinatoray@assent.no