Helsefagarbeider- 100 % Vikariat

VINJE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONEN· Telemark· EURES· veröffentlicht 26.06.2026

Vil du ha ein jobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?

Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.

Som helsefagarbeider bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Stillinga er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg. Det er moglegheit for langvakter etter avtale.

Arbeidsoppgåver

-

  • Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar
  • Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver
  • Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking)
  • Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi
  • Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar
  • Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar
  • Dokumentere i journalsystem
  • Gi medisinar etter delegert kompetanse
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefargarbeidar.
  • Andre med relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

-

  • Påliteleg og strukturert– du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført
  • Fleksibel– du klarer å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert– du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø
  • Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen
  • God relasjonsbyggar– du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb
  • God opplæring og oppfølging
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

KontaktinformasjonHjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5126845710 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 20.07.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ynskjer deg velkomen til Vinje!

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.

Me håpar du vil trivast hjå oss!

Les meir om livet i Vinje her

Sjå Vinjefilmen her