Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for pedodonti

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN· Vestland· EURES· veröffentlicht 19.06.2026

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstruktørtannlege (20 %, vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat som instruktørtannlege (20 %), med tilsetjing frå 10. august 2026 fram til 11. juni 2027. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for pedodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er krav om to års erfaring frå barnetannpleie i nordiske land. Det er ønskeleg med erfaring med undervisnings– eller rettleiingserfaring.

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd. Lystgasslisens er ønskeleg.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 730 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial-/spesialistkompetanse er løn for tida kr 770 000 (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språk
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Athanasia Bletsa, Seksjon for pedodonti, e-post: nancy.bletsa@uib.no eller overtannlege Astrid Halle, Seksjon for pedodonti, e-post: astrid.halle@uib.no

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk

Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.

  • Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.
  • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.
  • Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.
  • Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.

Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.