Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus.

SELJORD HELSESENTER ALLMENN LEGETENESTE· Telemark· EURES· veröffentlicht 16.06.2026
  1. gongs utlysing. Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus.

Hva vi ser etter

Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar / vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus i eit vikariat.

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til auka meistring, livskvalitet og inkludering for menneske som treng støtte i kvardagen.

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Bachelor som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid og/eller rusfeltet er ein fordel.
  • Gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og relasjonsorientert.
  • Digital kompetanse.
  • Førarkort klasse B.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av vaksne med langvarige og samansette psykiske helse- og rusutfordringar.
  • Kartlegging, tiltaksplanlegging og dokumentasjon.
  • Miljøarbeid, praktisk bistand og individuelle samtalar.
  • Samhandling med fastlege, Nav, spesialisthelseteneste og pårørande.
  • Rettleiing og motiveringsarbeid.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på tverrfagleg arbeid og samarbeid.
  • Løn etter hovudtariffavtalen.
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift

Om arbeidsgiveren:

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Avdelinga er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Den ligg i same bygg som dagsenteret for tilrettelagte tenester på Heddeli. Me er sju medadbeidarar som jobbar i avdelinga, men den eine er i permisjon frem til 1.4.27