Tilkallingsvikar i kyrkjebygda og Fjone barnehage
Eining for oppvekst og kultur søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar til barnehagane våre:
- Kyrkjebygda oppvekstsenter, avdeling barnehage
- Fjone barnehage
Som vikar hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med barn og dyktige kollegaer. Dette er ei fin moglegheit for deg som ønskjer erfaring frå barnehage, eller som vil bidra når det trengst. Ta direkte kontakt med barnehagane dersom du er interessert, eller send inn ein søknad (skriv kor du vil vere tilkallingsvikar). Det er løpande tilsetting som tilkallingsvikar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet i barnegruppene
- Bidra til leik, læring og omsorg
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
- Samarbeide med kollegaer og føresette
- Følgje rutinar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
- Politiattest må leggjast fram før oppstart
- Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Er positiv, omsorgsfull og til stades i møte med barn
- Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og kan stille på kort varsel
- Har god arbeidsmoral og tek ansvar
- Har lyst til å bidra til ein trygg og utviklande barnehagekvardag
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med verdifulle erfaringar
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheit for vidare vikariat ved behov
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale
KontaktinformasjonMaria Felle Nes, Styrar Fjone barnehage ArbeidsstadNissedalsvegen 930 3854 Nissedal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5139206732 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 17.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.