Medarbeidar - Unikt teater
Kommunane Klepp, Time og Hå samarbeider om teatergruppa Unikt teater, som er eit kultur- og fritidstilbud for unge med funksjonsheimming. Nedre aldersgrense er 13 år. Gruppa har i dag ca 20 deltakarar. Unikt teater har vore drive i meir enn 10 år og er eit populært tilbod for målgruppa. Teatergruppa har ei årleg førestilling.
Tilsetjingsform:
Medarbeidaren vil bli tilsett som oppdragstaker. Øvingstida for Unikt teater er 3-4 timar annakvar veke i tidsrommet kl 18.00 til 21.00. Øvinga skjer på ettermiddag/kveld og er for tida på Klepp ungdomsskule. Ein må rekna med noko meir øving på kveldstid og i helger i forkant av førestillinga. Driftsåret følgjer hovudsakleg skuleåret.
Teamet består av leiar og totalt to medarbeidarar/oppdragstakarar.
ArbeidsoppgåverMedarbeidaren skal, i samråd med leiar, bidra til god organisering av øvingane, vera med å skapa eit godt miljø og godt innhald på øvingane Dette inkluderer å følgja opp deltakarane på øvingane, ha kontakt med pårørande og/eller tilsette i bustadar, samt diverse praktiske oppgåver i tilknytting til dette.
Kvalifikasjonar
Me ønskjer at du har nokon av desse kvalifikasjonane:
Utdanning innan eller erfaring frå dramaturgi eller liknande Relevant utdanning og/ eller erfaring frå miljøarbeid med målgruppa Erfaring og ferdigheiter innan musikk, dans, produksjon av kostymer e.l. God datakunnskap Førarkort for personbil
Gode norskkunnskaper - skrifteleg og munnleg
Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Utadvendt og med gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personar i målgruppa og andre involverte Evne til å rettleia og leggja til rette for den enkelte deltakaren Fleksibel, ryddig, selvstendig og ansvarsfull Kreativ og med evne til å finna praktiske løysingar saman med andre Engasjement og interesse for dramaaktivitet
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og spanande utfordringar Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar Tilsetting på kommunale vilkår Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) Gratis parkering Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Bedriftskunstforening Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
KontaktinformasjonElse Havik, fritidskonsulent, +47 93024881 ArbeidsstadBedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5154817151 Stillingsprosent: 0% Anna Startdato: 24.08.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.