Sjukepleiar

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET· Møre og Romsdal· EURES· veröffentlicht 23.06.2026

Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt?

Allmenn - og alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
  • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5154166886 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 01.11.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal