Sjukepleiarar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS· Vestland· EURES· veröffentlicht 02.07.2026

Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus:

  • 100 % fast stiling, oppstart frå 24.08.2026
  • 100 % årsvikariat,*oppstart frå 24.08.2026**

Oppgi gjerne i søknaden kva stiling du er interessert i, og om begge er aktuelle.

Arbeidstid Stillinga inngår i 3-delt turnus Arbeid kvar tredje helg

Om avdelinga Ortopedisk sengepost har omlag 38 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeiderar. Vi held til i nye og moderne lokale i "Livabygget".

Du vil møte pasientar innan:

  • traumatologi
  • handkirurgi
  • skulderkirurgi
  • protesekirurgi – hofte, kne, skulder
  • fotkirurgi
  • ryggkirurgi

Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund.

Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.

Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov
  • Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande
  • Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar
  • Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter
  • Du har gruppeleiarfunksjon ved behov
  • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt
  • Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten
  • Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper
  • Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHåvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5147109916 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 26.07.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.