Helgestilling for sjukepleiestudentar
Er du sjukepleierstudent og ønsker jobb ved sida av studiet? Då er dette stillinga for deg. Vi søker sjukepleierstudentar som har lyst til å jobbe saman med oss. Både 1 års studentar og 2 års studentar. Vi har ledig helgestillingar på fødeavdelinga.
Litt om Fødeavdelinga: Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde C og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging. Alle seksjonane samarbeider tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for sjukepleiestudentar. Vi treng helgestillingar frå snarast. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid på helg og høgtidsdagar. Det vil vere mulig å få tilpassa turnusen med studier. Arbeidsoppgåver
- ha ansvar for føde og barselkvinner
- oppfølging av mor og det nyfødde barn
- ammerettleiing
- dokumentasjon i elektronisk journal
Kvalifikasjonar
- Sjukepleierstudent
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Generell pleieerfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5148147939 Stillingsprosent: 22% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.