Barnehageassistent

FJORDLY BARNEHAGE· Vestland· EURES· veröffentlicht 06.07.2026

Vil du jobbe med barn i ein liten og trygg barnehage?

Fjordly barnehage søkjer tilkallingsvikar til både kortare og lengre vikariat. Vi er ein liten, tradisjonsrik barnehage, idyllisk plassert på Totland i Stad kommune.

Hos oss får du vere ein del av eit trygt og inkluderande miljø der barna står i sentrum. Vi legg vekt på omsorg, leik, læring, naturopplevingar og gode verdiar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

-

Vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna

-

Delta i leik, aktivitetar og daglege rutinar

-

Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og tilsette

-

Delta i både ute- og inneaktivitetar

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

-

Har lyst til å jobbe med barn

-

Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

-

Ønskjer å arbeide i ein kristen barnehage

-

Kan leggje fram gyldig politiattest før tilsetjing

Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

-

Omsorgsfull og positiv

-

Fleksibel og samarbeidsvillig

-

Ansvarsbevisst og påliteleg

-

Engasjert i barn si utvikling og trivsel

Vi tilbyr

-

Arbeid i ein liten og oversiktleg barnehage

-

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

-

Varierte arbeidsdagar

-

Moglegheit for både korte og lengre vikariat

Barnehagen er sommarstengt frå veke 29-32. Om du har spørsmål om stillinga i denne perioden kan du sende ein e-post til cecilie-fjordly@outlook.com

Telefon: 57 85 33 95

Søkjarar vert vurderte fortløpande.

Om arbeidsgiveren:

null